Hopp til innhold

Dropp bil til skituren!

Dropp bilen når du skal på skitur! Bygg mindre hytte! Moderne friluftsliv er vorte eit trugsmål mot miljøet.

Utvikfjellet
Foto: Torje Bjellaas / NRK

DEBATT: Vil du droppe bilen til neste skitur?

Friluftsliv er eit større trugsmål mot miljøet enn det miljøvernarane har vore klar over. Det er konklusjonen i ein omfattande gjennomgang av fritidsforbruket i Norge.

Aukar meir enn kvardagsforbruket

Forskar Carlo Aall hos Vestlandsforsking seier moderne friluftsliv er mindre miljøvenleg enn det vi likar å tru. Aall seier det no må opnast for diskutere kritisk også den norske livsstilen der friluftslivet er så viktig. 

- Fritidsbruket aukar no meir enn kvadragsforbruket. Omtrent dobbelt så mange prosentpoeng. Og det er dei mest energikrevjande former for fritidsaktivitetar som aukar desidert mest.

- Friluftslivet er ikkje reint

Skigåing i vill og vakker natur. Dette likar vi å tenkje på som miljøvenleg og i pakt med naturen. Men medan klimaet endrar seg av det mange meiner er menneskeskapte årsaker, viser no ein ny rapport at det er behov for kraftig å nyansere biletet av friluftsliv som reint og ufarleg.

- Det viktigaste funnet er at den politikken omtrent ikkje finst verken hos styresmaktene og miljøvernorganisasjonane. Fritida som tema i miljøpolitikken har hittil vore så godt som fråverande. Det er rart. Og vi har ikkje svar på kvifor det er slilk. Men dette bør opp som tema, seier Aall.

Reiser lengre

Rapporten, som er utarbeidd av Vestlandforskning i samarbeid med Statens institutt for forbruksforsking, viser at tradisjonelt friluftsliv no står for heile 16 prosent av det totale energiforbruket vårt på fritida. Berre på feriereiser brukar vi meir energi per person på fritida. Årsaka er at vi brukar stadig meir pengar på å reise lenger, oppleve meir og bu i stadig finare fritidsbustadar.

Rapporten er knallhard mot politikarane som forskarane meiner berre har brydd seg om kvardagsforbruket og ikkje vore villige til å diskutere forbruket på fritida.

- Byggjer for store hytter

Dagleg leiar i "Fremtiden i våre hender", Arild Hermstad, er overraska over rapporten.  Han meiner det no må diskuterast korleis vi driv friluftsliv her i landet.

- Dette overraskar. Eg hadde trudd dette skulle sett betre ut. Men det er tydeleg at friluftslivet er i endring. Vi reiser lengre og vi krev meir når vi er ute i naturen. Vi ser og på hyttekulturen at det enkle friluftslivet er ut. Folk vil helst reise eit stykke før dei tek på seg skia.

- Bruk naturen utanfor stovedøra

Sjølv meiner han "Fremtiden i våre hender" har vore dei einaste som har tort å diskutere dei negative sidene ved det stadig aukande forbruket.

- I kor stor grad skal vi til dømes byggje parkeringsplassar og fly inn mat til hytter i fjella. I kor stor grad skal vi klare å få folk til å bruke naturen der dei bur. Vi som bur i Oslo til dømes treng ikkje køyre opp til Holmenkollen kvar gong vi skal gå på ski.