Hopp til innhold

Rot om brannvarsling

Mange sauebønder er kraftig provoserte over at Mattilsynet i siste liten endra fristen for installering av brannvarslingsanlegg i sauefjøsar.

Oddleif Yndestad
Foto: NRK

Fristen gjekk eigentleg ut 1. januar, men rett før jul vart den utsett i ni månedar.

Stor frustrasjon

Fleire små sauebønder NRK har snakka med er frusterte og tydeleg i villreie om kva som skjer med kravet om installering av brannvarslingsanlegg i sauefjøsar.

Opphavleg var kravet at alle med meir enn 30 vinterfora sauer måtte installere eit slikt system innan 1. januar 2007.

Sender sauer på slaktehuset

Men dette kostar opp mot 30.000 kroner. For sauebønder der marginane alt er små er valet for mange å slakte for å kome under grensa på 30 dyr eller leggje ned drifta. 

- Det har alt fått konsekvensar for dei som har 32-33 sauer. Dei har selt sauer før nyttår for å kome under grensa. Då kravet no er utsett, har dei tapt produksjonstilskot, seier bonde Oddleif Yndestad frå Guddal i Fjaler.

- Har seg sjølve å takke

Men Torunn Knævelsrud, seksjonssjef i Mattilsynet, meiner bøndene har seg sjølve å takke. Ho seier bøndene var alt for seine med å kreve utsetjing.

Knævelsrud seier det det berre er snakk om ei utsetjing av fristen for å klargjere kravet.

- Vi kjem no med ein meir presis definisjon, som gjer at dei som har ein del unge sauer ikkje nødvendigvis kjem inn under kravet.

- Dårleg informasjon

Men i Guddal sit no mange bønder og ikkje forstår kva dette får å seie for dei.

- Det er mangel på informasjon som vi bøndene skrik etter. Vi veit faktisk ikkje kva vi skal gjere, seier Yndestad.