– Det har vore ein forferdeleg dårleg sesong, sannsynlegvis den dårlegaste i nyare tid, seier styreleiar Stein Bjørhovde til Fjordenes Tidende.
Skjærtorsdag forsvann ifølgje avisa siste rest av snø i skianlegget, og heller ikkje påska vart dermed som ein elles kunne ha håpa. Saman med ein elendig vinter gjer det at skisenteret no er truga av konkurs.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
I utgangspunktet hadde dei budsjettert med billettinntekter på 3,5 millionar kroner. Resultatet endar truleg på under éin million. Harpefossen har heller ikkje oppsparte midlar.
Fjordenes Tidende skriv at situasjonen no er akutt.
– Vi må ha pengar, elles går dette til skifteretten, seier Bjørhovde.
Det er sendt søknad til Eid kommune om eit likviditetstilskot eller eit lån på 1,6 millionar kroner, men behovet kan bli endå større.
- LES OGSÅ:
Rekneskapen for 2013 enda med eit underskot på om lag 730.000 kroner, og prognosane for 2014 tilseier minustal på om lag 1.630.000 kroner, skriv avisa.