Hopp til innhold

Åtte personar involvert i sykkelvelt

To syklistar er på veg til sentralsjukehuset i ambulanse etter ein massevelt på E39 i samband med sykkelrittet Jølster Rundt.


To vart sende til Førde sentralsjukehus etter sykkelvelten på E39 ved Moskog i samband med sykkelrittet Jølster Rundt.

FULL UTRYKNING: Naudetatane fekk først melding om inntil åtte skadde på Moskog.

Dei første meldingane gjekk på at alle dei åtte til ti syklistane som velta var skadde, men dette talet er no justert ned til to.

Ein kvinne og ein mann er no i ambulanse på veg til Førde sentralsjukehus med større og mindre skadar.

– Køane i området har no løyst seg opp og trafikken flyt fint forbi ulukkesstaden, opplyser politiet til NRK.

Sykkelulykke Jølster

TO SKADDE: Begge er frakta til sentralsjukehuset i Førde.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK
Kø Moskog

LANGE KØAR: Det danna seg lange køar langs E39 på Moskog etter sykkelvelten.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK