Hopp til innhold

Mykje fyll og uro i Florø

Slåssing, fyll og hærverk prega natt til søndag i Florø. Mykje ungdom var samla i samband med russearrangementet Chickelacke.

Politi målstyring

HEKTISK NATT: Politiet i Florø hadde nok å henge fingrane i natt til søndag.

Foto: Justis- og beredskapsdepartementet

For politiet sin del starta det heile før midnatt då to unge menn braka i hop i Havrenesvegen. Dei vart skilde og sende kvar til sitt. Deretter gjekk det bokstaveleg tala slag i slag...

– Hektisk natt

– Det har vore ei hektisk natt for politiet. Det var nokonludne bra ver og russearrangement, det sette ikkje nett nokon dempar på festen. Det er klart at det trakk til seg mykje folk, fortel avtroppande operasjonsleiar Einar Vereide.

Gjennom natta sende han og kollegene patruljane rundt om kring i kystbyen og sjølv om dei aller fleste oppførte seg fint, så vart det ein god del oppdrag som politiet måtte ta seg av.

Hærverk på russebilar

– Når det er såpass mykje folk måtte vi nok rekne med litt, men storparten har oppført seg fint, det er viktig å få med, seier Vereide.

Her politiet sin eigen logg over russefeiringsnatta i Florø:


Kl. 0029 Rusa person - Florø

Ein overstadig rusa gut vart sendt til legevakta i Florø da han vart funne av politi ute av stand til å ta vare på seg sjølv.

Kl. 0050 Rusa person - Florø
Politiet tok hand om ei overstadig rusa kvinne i Florø sentrum. Ho vart køyrt heim.

Kl. 0050 Rusa person - Florø
Ein ungdom vart funne i Kinnvegen av politiet og satt i mars i retning bustad.

Kl. 0055 Rusa Person - Florø
Ein gut vart køyrd heim og pålagt om å holde seg vekke frå sentrum resten av natta.

Kl. 0123 Skadeverk - Florø
Politiet fekk tak i ei ung jente som hadde bulka taket på ein russebil som stod parkert i Florø sentrum Ho hadde hoppa opp på taket.

Kl. 0148 Slåssing - Florø
Ein mann i 20 åra vart køyrt heim og pålagt å holde seg vekke fra sentrum resten av natta då han hadde vore i klammeri med tre andre personar.

Kl. 0205 Ordensuroing - Florø
Politiet måtte hente ein ungdom som bråkte på legesenteret. Vart vist bort fra staden.

Kl. 0205 : Drikking - Florø
Ei ung kvinne vart anmeldt for drikking i Florø sentrum

Kl. 0223 Skadeverk - Florø
Politiet fikk tak i mannen i 20 åra som hadde knust ei rute i en russebil som stod parkert i Fjordgata/Hestenesgata.

Kl. 0300 Rusa person - Florø
Ein mann i 20 åra vart satt i drukkneskapsarrest då han ikkje klarte å ta vare på seg sjølv.

Kl 0755 Ordensuroing - Florø

Politiet fekk melding om ein ung beruset mann som bråkte og var uønska på overnattingsstad i Florø sentrum. Politiet tok hand om mannen før han kort etter vart dimmitert.

Kl 1042 Skadeverk og tjuveri frå russebuss - Florø

Politiet fekk melding om tjuveri av kjennemerke frå russebuss som stod parkert i Strandgata i natt . På bussen var det også gjort mindre skadeverk. Opplysningar om tjuveriet og skadeverket kan meldast il politiet.