Hopp til innhold

Køyrde i grøfta i fylla

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein mann er mistenkt for ruspåverka køyring etter eit trafikkuhell i Høyanger laurdag kveld.

Ifølgje politiet fekk dei melding om hendinga klokka 17.47. Mannen, som truleg er førar bilen, skal ha havna i grøfta på Dalevegen som går frå sentrum i Høyanger og opp til bustadfelta på Dale.

– Vi har mistanke om promillekøyring. Politiet er på staden og vil etterforske saka, opplyser operasjonssentralen til Sogn og Fjordane politidistrikt.