Hopp til innhold

Buss køyrte seg fast og sperra E39 i natt då han skulle hente russen

Då russen skulle heim frå russetreff i går, klarte bussen som skulle hente dei å køyre seg fast.

Russetreff Breim 2013

RUSSETREFF: Russen måtte vente då bussen sat seg fast

Foto: Runar Sandnes / NRK

I går kveld var det duka for russetreff på fjordhestgarden på Breim.

Men for eit hundretals russ vart det eit lengre treff enn planlagt då to av bussane som skulle hente dei køyrde feil og vart ståande fast under snuoperasjonen.

Bussen blokkerte E39 i ein times tid fram til like før kle 04 i natt.

Det var berre småbilar som greidde å komme seg forbi og bilbergar måtte komme for å få bussen på vegen att.

Politiet var til stades på russearrangementet og kan melde frå om eit smertefritt arrangement.