Hopp til innhold

Sjå dei historiske bussane på rad og rekke i Lærdal

Rutebilhistorisk Forening har 25 års jubileum. Det vert feira i Lærdal med 87 bussar på besøk.

Rutebilhistorisk Forening er 25 år. 
Det vert feira i Lærdal.

SJÅ VIDEO: Veteranbussar i Lærdal. (Foto: Jan Christian Jerving)

Rutebilhistorisk Forening har denne helga landsmøte og feirar 25 års jubileet sitt i Lærdal. Det heile begynte i dag då veteranbussar kom køyrande til bygda.

– Idag er det kome vel 60 bussar. Dei lokale bussane frå fylket kjem i morgon. Då vert det offisiell opning av Liv Signe Navarsete, fortel Håkon Råheim leiaren for avdelinga i Sogn og Fjordane for Rutebilhisorisk Foreining.

Det er påmeldt 87 bussar derav 3 frå Sverige og ein frå Finland. Dette er det fjerde treffet her i fylket, det første var i Stryn i 1989, så i Førde i 1993 og 2003 og i år i Lærdal.

100 år gamal

– Dette er berre veteranbussar. Ein har teke vare på gamle bussar og restaurert dei. Så alle saman går like godt, fortel Råheim.

Frå Sogn og Fjordane kjem det bussar frå Aurland, Førde, Lærdal, Nordfjord og Sogndal og " Tubb Marta " frå Luster.

– Ein av dei første bilane til Firda billag er her og. Ein adler. Den er registrert i 1913 og tøffar og går framleis, seier Råheim.

(Artikkelen hel fram under video)

Rutebilen til Firda Bilag fyller 100 år i år. Sjå video frå veteranbusstreffet i Lærdal.

Rutebilen fyller 100år

Stor interesse

– Interessa er stor. Idag har det vore mykje folk. Det ser ut for å vere stor lokalinteresse, men det er og mange tilreisande, seier Råheim.

Laurdag klokka to vert det kortesje opp til Ljøsne. Ein liten rundtur der alle bussane skal vere med.

SJÅ DEI FLOTTE VETERANANE I BILDESERIEN UNDER: