Hopp til innhold

Ung mann fall to meter ned

Ei mann i 20-åra er send til Førde sentralsjukehus etter eit arbeidsuhell om bord i ein fiskebåt som låg til kai i Måløy torsdag føremiddag.

– Mannen skal ha ramla om lag to meter ned ein leider, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Olaug Holme.

Politiet fekk melding om ulykka like etter klokka 10 torsdag morgon, og uhellet skal ha skjedd om bord i ein norsk fiskebåt.

– Vi har ikkje fleire detaljar om hendinga akkurat no. Saka vil bli følgd opp over helga, seier Holme.

Det er førebels uvisst kor store skadar mannen har fått.