Hopp til innhold

Sit att med 2,5 millionar i personleg gjeld etter konkurs

Joar Søhoel (30) innser at det ikkje let seg gjere å drive restaurant på bygda. 1. mai var siste opningsdag for Joars restaurant. No er bedrifta konkurs. Største tapet lir han sjølv.

Joar Søhoel

TUNGE TIDER: Joar Søhoel har sett kroken på døra for Joars restaurant etter at bedrifta har slite tungt over lengre tid. No satsar han på catering.

Foto: TV2/Logo

– Dette er berre veldig, veldig trist. Eg sit att åleine med eit veldig stort pengetap, seier Joar Søhoel.

Kokken frå Sogndal, som for mange vart kjend då han deltok i Farmen på TV2, har hatt nokre tøffe år.

Sjølv meiner han nedturen tok til då han tok over rettane til Laksen pub og restaurant i Lærdal for halvannan million kroner. Kort tid etter at han skulle overta, vart lokala flytta til ein annan stad i bygget, noko som førte til at han måtte halde stengt eitt år.

Då det opna att, stod ikkje lokalitetane i stil med konseptet han hadde.

Var trygg på drifta og satsa tungt

– Vi låg an til millionoverskot første året i Lærdal. Eg var så trygg på drifta der at eg investerte sterkt i Joars restaurant i Sogndal. Men då det gjekk gale i Lærdal, skar det seg liksom i alle kantar, seier Søhoel.

Han meiner at han tapte 1,5 millionar på satsinga i Lærdal, og éin million kroner på satsinga i Sogndal.

Søhoel har satsa på kortreist mat, mat frå naturen og høg kvalitet, og det har også kundane gitt gode tilbakemeldingar på. Men trass i at besøket på restauranten i Sogndal har vore bra, så har ikkje inntektene hjelpt nok på.

– Driftsutgiftene har vore for høge, uansett kva eg har gjort. Eg har jobba 15-timars dagar i så mange år no, men no kjende eg at eg ikkje klarte meir. Eg klarar ikkje få ned leverandørgjelda, så då måtte eg berre ta eit val, seier Søhoel.

Vil ikkje betale det det kostar

Han legg til at trass i at kundestraumen har auka på, har det ikkje vore nok til å halde hovudet over vatnet.

– Eg erkjenner at det ikkje er mogleg å drive restaurant på bygda. Folk ønskjer ikkje å betale det maten faktisk kostar, seier Søhoel.

Han meiner å kunne konkludere med dette då han har eksperimentert med å setje prisane ned med 30–40 kroner.

– Plutseleg kom det masse folk. Men eg gjekk då i null, og knapt nok det. Då hjelper det ikkje, seier Søhoel.

– Har du teke for store sjansar?

– Eg føler at eg gjorde det rette, men det har berre ikkje gått min veg. Eg har vore uheldig. Det som hende i Lærdal har vore med heile vegen, og då vart det til slutt for tungt, seier Søhoel, og legg til at han er skuffa.

Burde gått mykje, mykje betre

– Eg har lagt ned så utruleg med arbeid, så det burde gått så mykje, mykje betre, seier Søhoel.

No har han starta opp enkeltmannsføretaket Joars Catering, og flytta bedrifta si til Hafslo.

– Eg kan ikkje noko anna enn å lage mat, så eg må jo berre halde fram. Men no har eg fått meg eit lokale med leveleg leige, og så er det berre meg sjølv. I tillegg er momsen lågare på catering, så då satsar eg på sikt at det skal gå seg til, seier Søhoel.

Men han har måtte endre litt på målsetjingane sine undervegs.

– Før brukte eg å seie at eg skulle vere gjeldfri til eg var 30. No har eg endra det til 60, seier Søhoel og ler.

– Ein kan bli deprimert av mindre, men kva skal ein gjere? Ein må jo berre halde farm, seier Søhoel.