Hopp til innhold

Hadde landets nestbeste featuresak

Firda sin reportasje «Ho som ikkje fekk bli» vart onsdag kåra til nest beste featuresak i Norge 2012.

Firdajubel

JUBLA: F.v. grafikar Ivar Høyvik, nyheitssjef Trond Jan Grimeland og redaktør Yngve Årdal jubla over utmerkinga onsdag kveld.

Foto: privat

– Vi er kjempenøgde, og veldig stolte og glade, seier nyheitssjef Trond Grimeland til firda.no.

Han var saman med redaktør Yngve Årdal og grafikar Ivar Høyvik var til stades i Bergen under MBL (Mediebedriftenes Landsforening) sine mediedagar.

MBL er mediebedriftenes bransje- og utgivarorganisasjon.

Ei årleg bransjetevling

Kvart år inviterer MBL til konkurransen Årets medieprisar. Fire ulike juryar vurderer bidraga som kjem inn, og prisane vert delte ut i Bergen under Nordiske Mediedager.

Saka «Ho som ikkje fekk bli» er ei av fem reportasjar i serien «Born 99, ung 2012». Tekstane er skrivne av Katrine Sele, som i 1999 intervjua mange born om deira tankar om livet og framtida.

Fem av desse møtte ho så att 13 år seinare.

«Tydelege og gjennomgåande designgrep»

Redaktør Yngve Årdal er svært nøgd med utmerkinga.

– Vi var i konkurranse med store redaksjonar med andre ressursar enn vi har. At vi fekk andreplassen er heilt utruleg bra. Det er veldig kjekt at vi som lokalavis klarar å hevde oss slik vi har gjort, seier Årdal til firda.no.

Juryen sa i si grunngjeving at reportasjen er ei godt fortalt historie med tydelege og gjennomgåande designgrep som frontar ei viktig redaksjonell storsatsing i Firda, og som også inviterer unge lesarar inn i papiravisa.