Parat/Widerøes Kabinforening og NHO Luftfart/Widerøe vart ikkje samde i meklinga natt til onsdag.
Dermed har 312 kabintilsette gått ut i streik frå onsdag av. Kring 400 avgangar og 11.000 passasjerar blir råka av streiken.
- LES OGSÅ: Widerøe set alle fly på bakken
– Vi får opplyst at det førebels ikkje vil gå noko Widerøe-maskiner før klokka 12. Noko meir detaljar har eg ikkje, seier lufthamnsjef i Florø, Siv Merethe Stadheim.
– Ta kontakt
Streiken betyr at all flytrafikk til og frå Førde, Sandane, Sogndal og Florø blir stogga. For få dagar sidan la DAT, som var det einaste andre flyselskapet med ruter til fylket, ned si kommersielle rute mellom Florø og Stavanger.
(Artikkelen held fram under biletet)
I morgontimane onsdag møtte fem-seks reisande på lufthamna for å følgje Widerøe sine avgangar til Oslo og Bergen.
– Eg tykkjer dei har teke det ganske bra. Det har ikkje vore frustrasjon, seier flyekspeditør Arne Sigurd Mo.
Refunderer billettar
Widerøe har sendt varsel til alle sine reisande om streiken. Selskapet seier at ingen av deira reisande skal tape på streiken, og refunderer eller bookar om billettane til råka passasjerar.
Også ved flyplassane i Sogndal, Førde og på Sandane har reisande møtt opp til flyavgangar onsdag morgon.
– Eg trur dei har størst problem dei som skal vidare med andre selskap. Der er nok det aller meste fullt, seier Sylfest Ølnes ved sals- og informasjonsavdelinga i ved Sogndal lufthamn Haukåsen.
Skulle til Stavanger
I Florø er brørne Tomas og Mantas Joudziunas blant dei som skulle vidare med fly frå Bergen.
Tilsett i Parker Maritime skulle dei til Stavanger. Der ventar rapportar, data og sketsjar som skulle ferdigstillast.
– Det er kjedeleg for kundane våre. Dette betyr meir bortkasta tid og pengar, seier Tomas til NRK.
(Artikkelen held fram under biletet)
Båt til Bergen
– Vi høyrde snakk om at det kunne bli streik i går, men trudde at dette ville ordne seg så vi vart blant dei heldige som kom oss av garde før streiken starta, fortel Tomas.
– No må vi ta båten til Bergen og vi håpar å kunne fly vidare med SAS. Eg veit ikkje heilt kva vi skal og kan gjere, held han fram.
– Vi har hatt tre-fire reisande som skulle vidare med andre fly, men som må komme seg til Oslo eller Bergen på anna vis. Situasjonen er sjølvsagt beklageleg for dei, seier Ølnes.
Reisande blir oppmoda om å ta kontakt med sine flyplassar for informasjon. Kundeservice kan hjelpe passasjerane å refundere eller booke om flybillettar.