Hopp til innhold

Barn til lege etter uhell

Eit barn vart køyrd til lege for sjekk etter ei påkøyrsle på Aurlandsvangen i kveld.

Aurlandsvangen

AURLANDSVANGEN: Kartet syner ikkje den nøyaktige posisjonen for

Foto: Google maps

– Etter det vi kjenner til er ikkje barnet alvorleg skada, opplyser politiet til NRK.

Uhellet i Aurland skjedde då ei kvinne i 30-åra køyrde på barnet som var ute og sykla. Til alt hell hadde bilen låg fart.

Litt tidlegare i ettermiddag rykte naudetatane ut etter at ein mann i 40-åra køyrde utfor på Leikanger. Det vart først meld at mannen var uskada, men i han vart i kveld likevel køyrd til Førde sentralsjukehus for kontroll.

I Svelgen fekk to bilførarar gebyr for ikkje å ha med førarkortet. I alt 41 bilar vart stogga i kontrollen.

I Stryn vart det skrive ut fem gebyr for manglande bilbelte under ein kontroll i sentrum.