Hopp til innhold

Vil ikkje tvinge direktør til Sogn

Fornyings- og administrasjonsminister Rigmor Aasrud (Ap) vil ikkje påleggje den nye direktøren i Difi å ha fast kontorplass på Leikanger.

Rigmor Aasrud

IKKJE TVANG: Statsråd Rigmor Aasrud vil ikkje flytte direktørstillinga i DIFI frå Oslo til Leikanger.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Dei siste dagane har det pågått ein hard kamp for å få flytta direktørkontoret i det statlege direktoratet til Sogn.

Og fornyingsministeren møter motbør frå statsråd Liv Signe Navarsete (Sp) i kommunal- og regionaldepartementet.

– Då ein sist tilsette, meinte eg at sjefen skulle sitje på Leikanger. Eg var ikkje nøgd med det vedtaket som vart gjort då og har ikkje endra meining sidan, seier Navarsete.

– Ta heile landet i bruk

Direktoratsavdelinga på Leikanger vart oppretta for fem år sidan for å gjere det offentlege byråkratiet betre . Men så langt har dei ikkje sett så mykje til toppsjefen sin som dei gjerne skulle ha gjort.

Jon Håkon Odd

VIL HA: Jon Håkon Odd i Leikanger Arbeidarparti.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Lokallagsleiar i Ap, Jon Håkon Odd, meiner at den nye direktøren i Difi ikkje treng sitje i Oslo for å styre.

– Vi meiner det vil vere ein styrke å ta heile landet i bruk og få perspektiv utanfrå Oslo når det gjeld dei viktige oppgåvene som Difi har, som er forvaltningsutvikling, offentlege innkjøp og digitalisering av offentleg sektor, seier han.

Vil ikkje endre

For etter sommaren sluttar sitjande Difi-direktør Hans Christian Holte. Og den siste tida har Sogn og Fjordane Arbeidarparti mobilisert for å få flytta kontoradressa til etterfølgjaren frå Oslo til Leikanger.

(Artikkelen held fram under biletet)

DIFI byggjer ut på Leikanger

BYGGJER UT: DIFI byggjer ut på Leikanger, men treng truleg ikkje tenke på kontor til den nye direktøren i direktoratet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Fornyings- og administrasjonsminister Rigmor Aasrud vender det døve øyret til partifellane.

– Vi har ingen planer om å gjere endringar i den situasjonen i høve til den det er no, seier ho.

Intern kamp

Liv Signe Navarsete talar til landsmøtet

VIL FLYTTE: Liv Signe Navarsete vil ha direktørstillinga til Sogn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Men Aasrud kan vente seg intern kamp i regjeringa. Sogn og Fjordane har frå før ein direktoratsdirektør i Atle Hamar, som styrer Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde.

Dette meiner Navarsete er eit godt døme på kva ho ynskjer seg på Leikanger.

– Det er ingen praktiske årsaker til at ein må leie eit slikt direktorat frå Oslo, seier ho.

Det er fornyingsministeren som skal tilsetje ny direktør. At Navarsete går ope ut med synspunkt om tilsetjingsprosessen, meiner Aasrud får stå for kommunalministeren si eiga rekning.

– Viktig stilling

– Vi er opptekne av å få dei beste søkjarane. Det er ei svært viktig stilling, veldig viktig for heile digitaliseringa av offentleg forvaltning framover. Då kjem vi ikkje til å leggje føringar på at ein skal vere tilknytt ein av dei to stadane men vil vurdere det på ein open måte, seier Aasrud.

Difi på Leikanger vart oppretta i 2008. På fem år har avdelinga fått vel 40 nye arbeidsplassar.

Har teknologi

I Leikanger likar Odd dårleg at dei truleg ikkje får huse den nye direktøren.

– Vi meiner det ikkje er noko i vegen for at Difi-direktøren skal vere på Leikanger. Det er ikkje slik lenger at ein ikkje har teknologi til å støtte møter og vi har god kommunikasjon til Oslo. Så er det heller ikkje dobbelt så langt til Oslo som det er frå Oslo til Leikanger, seier han.