Hopp til innhold

Jamstiller Sognefjorden og Amazonas

Sognefjorden er kåra til eit av dei ti beste reisemåla for økoturisme i verda. Blant dei andre på lista er regnskogen i Amazonas og Galapagos.

Utsyn frå Sognefjorden mot Balestrand

TOPP TI: hubpages.com rangerer Songefjorden som eitt av dei ti beste reisemåla i verda for økoturisme.

Foto: May Terese Seglem

- Dette er knallbra, seier ei jublande Synnøve Aabrekk til Sogn Avis.

Ho er fungerande reiselivssjef i det nystarta reisemålsselskapet Visit Sognefjord som omfattar alle kommunane i Indre Sogn og er svært glad for kåringa som er gjort av nettstaden hubpages.com.

- Gladmelding

- Dette var ei skikkeleg gladmelding. Det er enormt kjekt for alle som jobbar i reiselivsnæringa, seier Aabrekk til avisa.

Nettstaden definerer «økoturisme» som noko som står i kontrast til kommersiell rekreasjon, turisme som lærer dei reisande noko.

Pangstart for selskapet

Nettstaden tilrår spesielt Flåmsbana, Aurlandsdalen, stavkyrkjene på Urnes og i Borgund, utsiktspunktet på Stegastein, rallarvegen, Bremuseet i Fjærland og Villakssenteret i Lærdal. Aabrekk kallar dette for ein skikkeleg pangstart for det nye reiselivsselskapet.

- Dette må me bruka for alt det er verdt, seier ho til Sogn Avis.