Hopp til innhold

No er Nathaniel norsk

I dag fekk 17 personar frå 14 forskjellige land norsk statsborgarskap på ein seremoni i Operahuset på Nordfjordeid.

Laurdag arrangerte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane statsborgarseremoni for 17 nye statsborgarar frå 10 kommunar her i fylket.

Seremonien vart gjennomført på Operahuset i Nordfjord, og inneheldt både talar, kulturinnslag, truskapsløfte, utdeling av gåvebøker, allsong og lunsj.

– Kjekt og rørande

– Det er alltid både kjekt og ganske høgtideleg med ein slik seremoni. Du merkar at dei set pris på at me arrangerer det. Dei får ikkje berre eit brev om at dei er norske, men me markerer overgongen og det merkar me er viktig for dei, seier Fylkesmann Anne Karin Hamre, som leia seremonien.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes vart invitert som gjestetalar, og både ho og Hamre la vekt på kor viktige dei nye nordmennene er for Sogn og Fjordane.

– Det som gjer at Sogn og Fjordane har ei positiv folketalsutvikling er nettopp innvandrarane. Me er heilt avhengige av det, og det at dei vel å bli buande er viktig, seier Hamre.

10 kommunar

Hovudregelen for å bli norsk statsborgar er at ein må ha budd i Norge i sju av dei siste ti åra.

– Me opplever jo at ein del av dei som kjem hit som flyktningar flyttar vidare, og me jobbar for at dei skal trivast og busetja seg her, seier Hamre.

Anita Johnny stod for det musikalske innslaget. Ho deltok sjølv på statsborgarseremonien i fjor, og song «Imagine» og«What a wonderful world».

– Stemninga var kjempegod. Operahuset var pynta til fest med masse blomar og flagg, og det gav ei flott råme rundt arrangementet, seier Hamre.

Dei nye statsborgarane er busett i kommunane Eid, Flora, Førde, Gloppen, Høyanger, Leikanger, Stryn, Vik, Vågsøy og Årdal.