Hopp til innhold

Florø slo Førde ut av cupen for andre år på rad

Det gjentok seg i år også. Veslebror Florø slo nabo og erkerival Førde ut av første runde av cupen. Ein fortent Florø-siger meinte både Florø- og Førde-trenaren.

Aksel Bauge scora 2-1 målet til Florø over Førde

Florøspiss Aksel Bauge vert gratulert av lagkameratane etter at han sette inn det som vart vinnarmålet i cupkampen mellom Florø og Førde.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Det var lite som tyda på at det var ein divisjon i skilnad mellom dei to laga som i kveld møttest i Hafstadparken. 3.-divisjonslaget frå Florø gjentok fjorårets bedrift, då dei slo 2.-divisjonslaget Førde og avanserte til 2. runde i cupen. Trenaren til Florø var godt nøgd med lagets innsats, og meinte 2-1-sigaren var fullt fortent.

LES OGSÅ: – Eit typisk by mot land-oppgjer

LES OGSÅ: Florø-flause i NRK-sporten

– Me vinn fortent

– Eg meiner me vinn fullt fortent. Me gjer det på vår måte og me burde eigentleg ha scora fleire mål. Me er ueinige i nokre avgjersler som dommaren gjer, og me burde ha tre mål. Me var det klart beste laget, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Rognsø var misnøgd med annulleringa av eit mål i det 77. minutt der Halvor Solheim Olsen pirka ballen i mål samstundes som linjedommaren ropte på offside. Men trass annulleringa vart avansementet sikra tre minutt seinare då Aksel Bauge sette ballen bak Førde-keeper Vegard Skjeldestad. No håpar Florø-trenaren på hard motstand i andre runde.

– Me håpar på å få eit tippeligalag. Den var ei fantastisk stemning me hadde på Florø stadion då me møtte Brann i fjor framfor 3.000 menneske. Å få noko sånt att hadde vore heilt fantastisk, seier ein godt nøgd trenar, som ikkje la skjul på at det var ekstra kjekt å slå rivalen frå Indre Sunnfjord.

(Saka held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Surt tap

Ein som ikkje var like blid etter kampen var Førde-trenar Knut Erik Folland, som etter 1-5-tap mot Bærum sist laurdag, og kveldens tap mot Florø i cupen, har fått litt å tenke på.

– Det er eit surt tap. Aldri kjekt å tape i cupen. Me kunne ikkje hatt noko særleg dårlegare sesongstart enn det me har fått. Men me har berre spelt ein seriekamp, så det er litt tidleg å dra noko konklusjon endå. Cup er no bingo uansett, meiner Folland.

LES OGSÅ: Brukte fire minutt på å slå Florø

Førde-trenaren var einig med kollegaen, og syntest også han at Florø-laget vann kampen fortent.

– Me er ikkje oppe på det nivået me bør ha. Det går for seint. Me er for ein inn i dei første duellane, dei andre duellane og me klarer ikkje å halde det balltempoet som me ønskjer. Det betra seg litt i andre omgang, men me er framleis ikkje der me skal vere, meiner Folland, om ikkje synest det er noko særleg nivåskilnad på laga sjølv om dei høyrer heime i kvar sin divisjon.

Florø-press i første – jamspelt i andre

Kampen starta med eit kraftig Florø-press, og med eit mål signert Kristoffer Ryland, og to stolpeskot frå Christer Husa, var det mange førdianarar som frykta det verste.

(Saka held fram under biletet)

Christoffer Hafsås scorar 1-0

Vegard Skjeldestad i Førde-målet nådde aldri bort til ballen som Kristoffer Ryland sette i mål etter ti minutt.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Utover omgangen haldt Florø oppe presset og då Førde-kaptein Vegard Gjermundshaug gjorde eit håplaust tilbakespel til keeper Skjeldestad, var ikkje Florø-spiss Aksel Bauge langt unna å sette inn 2–0 til Florø.

Men omgangen enda 1-0, og det var eit hardt pressa Førde-lag som tok til med andre omgangen. Førde hevda seg litt utover omgangen og kom til fleire sjansar enn i omgangen før. Utteljinga kom i det 62. minutt då Thor Erik Nygård sette ballen i Florø-målet.

(Saka held fram under biletet)

Thor Erik Nygård har nett scora 1-1

i det 62. minutt sette Thor Erik Nygård inn reduseringa for Førde, og gav nytt liv i kampen.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Resten av kampen var det jamspelt, og etter at Florø fekk annullert ei scoring i det 77. minutt såg det lenge ut til å gå mot ekstraomgangar. Men Aksel Bauge ville det annleis, og ti minutt før slutt vart han matchvinnar då han sette inn 2–1 målet til Florø.

Dei siste minutta kom Førde til nokre store sjansar. Men då Førde-spelar Øystein Myrkaskog berre minuttar før slutt sette nokre centimeter over Florø-målet, innsåg dei fleste at slaget var over.