Hopp til innhold

– Eit typisk by mot land-oppgjer

– Det einaste mange florøværingar gjorde i Førde før i tida, var å tømma oskebegeret sitt på veg heim.

Det seier tidlegare Florø-spiss og no Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen.

Ein heimvendt son avgjorde

Christer Husa (FSK).

AVGJORDE: Christer Husa, Florø SK. Her frå ein kamp då Florø framleis hadde brune drakter.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Førde mot Florø. Eit skikkeleg hatoppgjer. Det synte att i dagens kamp, der Florø trakk det lengste strået i eit dramatisk oppgjer.

– Det var ganske herleg å senda Førde ut, og det var ekstra herleg at eg skora like før slutt for å gni det litt inn, seier Christer Husa.

Husa sette inn 2–1 målet på overtid i onsdagens kamp. Det var nok spesielt, for i fjor spelte Florø-guten på nettopp Førde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Florøsupporterar

MYKJE FOLK: Rundt 500–600 tilskodarar såg kampen mellom Florø og Førde

Foto: Alf Vidar Snæland/NRK

– Florø er jo kystens perle, medan Førde er inne i dalane, som me plar å seie. Det er jo om å gjera å vera best i Sunnfjord.

– Og me har ein ordførar som tidlegare spelte på Florø og var kjend for sitt engasjement for Florø og mot Førde, det heng nok litt att enno, seier Husa.

«Ekte fotballhat»

– Det var alltid spanande å møta Florø, anten om det var i serien eller cupen. Me hadde supporterane i ryggen og det var sommarfuglar i magen, seier tidlegare Førde-spelar Rune Olsen.

Førde er fylkets største by med 12 000 innbyggjarar i kommunen. Florø er fylkets nest største med 11 500 innbyggjarar i kommunen. Dei ligg om lag 55 kilometer ifrå kvarandre.

Med andre ord: det meste ligg til rette for intense lokaloppgjer. Her er det meir enn resultatet på bana som står på spel.

Bengt Solheim-Olsen

PATRIOT: Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen.

Foto: Truls Kleiven

– Det er jo to nabobyar, dei to største i fylket, og historisk sett har det vore mange kampar mellom desse to byane.

Når kampen er byrjar er temperaturen framleis høg, men alt som var rundt, det ekte fotballhatet, har nok byrja å dabba litt av, seier Solheim-Olsen.

Raudt kort til Førde

RAUDT KORT: Førde sin Tobias Vassbotn Evebø fekk raudt kort på overtid.

Foto: Alf Vidar Snæland/NRK