Hopp til innhold

Tok førarkortet til hastig førar

Ein hastig førar måtte ta beina fatt etter at politiet måndag hadde fartskontroll i Stryn.

Patruljen hadde stilt seg opp i ei 80-sone i Stryn måndag ettermiddag.

Personen som susa forbi i 116 km/t vart hanka inn av lovas lange arm og fekk ikkje køyre vidare. Føraren er meld og må klare seg utan førarkort.

I løpet av dagen har også ei UP-patrulje og politiet i Vanylven hatt kontroll på fylkesveg 2. Åtte føraren fekk forenkla førelegg for høg fart. Høgste målte fart var 68 km/t i 50-sona.