Hopp til innhold

Surt tap for Kaupanger mot Lyn

(LYN-KAUPANGER 2-1): Kaupangerjentene tapte 2-1 mot Lyn borte. Dermed vart det ein sur start i årets 1. divisjon for fylkets beste damelag.

Kaupangerdamene

FØR START: Jentene var konsentrerte før kampstart.

Foto: privat

– Lyn var det beste laget og leia fullt fortent 1-0 til pause, seier sportsleg leiar for Kaupanger, Morten Røyrvik.

Dei grønkledde rykte opp førre sesong etter mange års eksil i 2. divisjon. Målsejinga er å halde seg i 1. divisjon så lenge som råd.

Før dagens kamp var planen å ta med tre poeng heim, men slik gjekk det ikkje.

– Vi når ikkje opp på det nivået der i må vere. Andre omgang var jamnare, men vi var ikkje nøyaktige nok og dermed klarte vi ikkje å tukte Lyn, seier Røyrvik.

Henriette Helle kom inn i andre omgang, og det var ho som utlikna for Kaupanger i 75. minutt. Men det hjelpte så lite då heimelaget banka inn 2-1 i det 81. minutt.

Grei lærdom å ta med seg

Røyrvik peikar likevel på at det positive er at Kaupanger heldt bra tritt på ein dårleg dag.

– Det må vi ta med oss vidare. Det hadde vore mykje betre om vi spelte vårt beste og såg at vi faktisk ikkje er gode nok, seier Røyrvik.

Han understrekar at berre éi av jentene har spelt i 1. divisjon tidlegare, og at nervene nok spelte mange eit puss.

– Vi såg det då kampen tok til at det var litt nerver. Men det er greitt å ha gjort unna dette no, og så ser vi vidare framover, seier Røyrvik.

Ser fram til Fortuna heime

Neste helg får Kaupanger-damene besøk av Fortuna heime, og det ser dei fram til.

– Fortuna er eit lag som vi kjenner godt. VI har møtt dei to gonger i oppkøyringa og har slege dei éin gong og spelt uavgjort éin gong. Det er noko anna å spele heime enn borte, seier Røyrvik.