Hopp til innhold

Politiet ønskjer tips bil som vart stolen for to veker sidan

Ein sølvfarga Huyndai vart stolen i Førde 29. mars. No ønskjer politiet tips i saka.

Bilen har registreringsnummer TV 79909.

– Bilen vart stolen frå Førde sentrum og er ikkje komen til rette, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Sunniva Dybvik.

Dersom nokon har informasjon om bilen kan ein ta kontakt med politiet på telefon 02800.

Saka vert etterforska av Førde og Naustdal lensmannskontor.