Hopp til innhold

Sendte e-post med personopplysningar

Sogndal kommune har sendt ein usikra e-post med personopplysningar og har dermed fått ei åtvaring frå Datatilsynet.

Sogndal sentrum
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det skal ha vore ein e-post med konfidensiell informasjon som er oversendt i frå Sogndal kommune. Det skriv Sogn avis i dag.

I eit tips til Datatilsynet kjem det fram at eit skjema i e-posten skal ha inneheldt både fødselsnummer, kontonummer og andre personlege opplysningar.

– Når ein sender informasjon som skal beskyttast er e-post utan kontrollmoglegheiter, seier rådgjevar Marius Engh Pellerud i Datattilsynet.

Dei har sendt ei åtvaring til kommunen, men ikkje undersøkt tipset vidare.

Jostein Aanestad

Rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Ein kommune bør vere kjend med konsekvensane for den enkelte når personopplysningar hamnar avvege og må leve med at den enklaste løysinga ikkje kan nyttast, seier Pellerud til avisa.

Rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad seier at dette ikkje skal skje.

– Inneheld det personnummer skal det sladdast og sendast i lukka konvolutt, seier han og påpeikar at dette er i stid med deira retningslinjer.

Aanestad meiner det hadde vore verre om informasjonen hadde kome på heimesidene deira, eller i offentleg rom på anna vis.