Hopp til innhold

To bråtebrannar kort tid etter kvarandre

Brannvesen måtte rykkje ut til to bråtebrannar laurdag føremiddag.

– Ein grasbrann i Selje var heilt ute av kontroll, seier vakthavande ved 110-sentralen, Frode Korneliussen.

Men brannvesenet har no fått kontroll over grasbrannen. Dei fekk melding om brannen like etter klokka elleve i dag.

Berre ti minutt seinare kom ei ny melding om bråtebrann i fylket. Denne gongen på Torheim i Eid kommune.

Brannvesenet har enno ikkje fått kontroll over brannen, men Korneliussen seier det ikkje skal vere fare for at brannen skal nå hus.

– Det ein er engsteleg for er at brannen kan spreie seg til nærliggjande skog, seier Korneluissen.

12.30:

Arbeidet med å sløkkje brannen i Selje er avslutta og brannen i Eid har brannvesen no fått kontroll over.