Hopp til innhold

Rusa jenter teke han om av politiet

Tre unge damer vart teke han om av politiet etter å ha vore overstadig rusa.

Politi-illustrasjon
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Natt til laurdag vart det litt for mykje for tre damer.

Førde

Politiet fekk melding om ei overstadig rusa dame i tenåra rundt kl 00:23 i Førde.

Ei politipatrulje henta henne og køyrde ho til legevakt der ho blei teke hand om av helsepersonell gjennom natta.

Sogndal

Også i Sogndal fekk politiet melding om overstadig rusa personar. Først klokka 01:14 .

Då tok ei politipatrulje hand om ei rusa dame i 20-åra i Sogndal sentrum. Dama vart køyrd heim til bustaden sin.

Ein time seinare måtte dei nok ein gong ta hand om ei overstadig rusa dame, også ho i 20 åra.

Dama blei køyrd til legevakta i Førde der helsepersonell tok vidare hand om henne.