Hopp til innhold

- Ann Jeanette må få erstatning

- Programmet Dokument2 på TV2 i går kveld bør få følgjer for den såkalla Yndestad-saka i Fjaler. Det meiner Oddleif Yndestad, som er far til 26 år gamle Ann Jeanette.

Anne Jeanette og Oddleif Yndestad
Foto: NRK

Saka gjeld trippelvaksine gitt til born tidleg på 80-talet. Yndestad har alltid hevda at dottera vart hjerneskadd av vaksinen, men familien tapte i retten. No ser han at det er grunnlag for å ta oppatt saka.

- Viss kreftene held

- Ja, viss kreftene held så er det mogeleg. Eg føler at eg har lagt saka på is, men det er gode mogelegheiter til å ta oppatt saka no.

Tapte i retten

Ann Jeanette Yndestad vart fødd i september 1980, og fekk trippelvaksine i mars 1981. Straks endra jenta seg og viste seg å ha hjerneskade. Familien meinte trippelvaksinen var årsaka og engasjerte ekspertise i inn- og utland. Dei gjekk til sak mot helsestyresmaktene, men tapte både i heradsretten og lagmannsretten, sjølv om TV-programmet måndag viste at dåverande helseminister Leif Arne Heløe trekte tilbake den farlege vaksinen alt i 1983.

Oddleif Yndestad
Foto: NRK

- Må få betydning

Når styresmaktene no vedgår at det kunne vere ein samanheng mellom vaksine og hjerneskade i tilfellet TV-programmet handla om, meiner Oddleif Yndestad at det må få betydning for deira sak, nærmast automatisk.

- Ja, det er heilt klart. Det som er avslørt no vil heilt klart få betydning for Ann Jeanette.

Han innser at skaden uansett har skjedd, men han meiner Ann Jeanette no kan få erstatning.

- Det er veldig interessant at dei innrømmer ting, og det er klart at Yndestad-saka som var den første i Noreg, har fått stor betydning for Folkehelsa. Ein del lovverk vart forandra, og det er heilt klart at dei familiane som er blitt skadelidande får oppreising.