Hopp til innhold

Gras og lyngbrann i Selje

Brannbilar frå Selje og Vågsøy rykte i 16.30-tida ut til ein grasbrann på Vetrhus i Selje.

Skogbrann på Vetrhus i Selje

UTSETT HUS: Brannen passerte nær dette huset.

Foto: Bjarne Eldevik

Det var ein bråtebrann som kom ut av kontroll, får nrk.no opplyst hjå Alarmsentralen.

Papir frå passerande lastebil

Det var grunneigar Lars Vetrhus som skulle svi av eit område ved fylkesvegen. Han fortel til nrk.no at papir frå ein forbipasserande lastebil gjorde at brenninga kom ut av kontroll.

Han hadde akkurat tent på då papir bles av lastebilen og tok fyr. Vinden tok dei med vidare oppover marka, og dermed vart det sett fyr på eit større område.

(Artikkelen held fram under biletet).

Skogbrann på Vetrhus i Selje

OPPETTER FJELLSIDA: Brannen spreidde seg oppover og tok litt skog.

Foto: Bjarne Eldevik

Dei første opplysingane gjekk ut på at det ikkje var noko busetnad i området, men brannmannskapa sikra eit hus for å vere trygge på at det ikkje tok fyr.

Brannen breidde seg nordover mot eit område med eldre furu, men dette skal vere nokså verdilaus skog.

Klokka 17.40 var brannen så godt som sløkt, men brannvesenet brukte litt tid på ettersløkking.

Men i natt blussa brannen opp att og brannvesen måtte rykkje ut på nytt.

– Brannen var sløkt tidlegare, men ein grunneigar passa på. Han såg at det blussa opp i natt og melde frå om det. Brannvesenet var på staden eit par timar i natt, opplyser alarmsentralen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.