Hopp til innhold

Nesten ingen veit om minsak.no

Med nok stemmer på nettsida Minsak.no kan vanlege folk få si sak på politisk dagsorden. Problemet er berre at nesten ingen kjenner til ordninga.

Haldor Hove har lagt inn ei av 75 saker på minsak.no

VIL HA GANGVEG: Tryggare veg for mjuke trafikantar er hjartesaka til Haldor Hove. Men få kjenner til nettsida Minsak.no, og dermed blir det vanskeleg for Hove å få saka på politisk dagsorden.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Vil du ha betre busstilbod i kommunen din? Fiberutbygging eller endra fartsgrense rundt ein skule? Dette er eksempel på saker som kan bli stemte fram til politisk handsaming på Kommunaldepartementet si storsatsing, Minsak.no.

I Sogn og Fjordane har Haldor Hove i Stryn ei slik hjartesak. Bygging av gang og sykkelveg mellom Rake og Loen er noko han har ivra lenge for, og vil at fylkespolitikarane skal vurdere.

Og det kan faktisk skje, om han får støtte frå 500 personar i fylket. Men på to månader har han berre fått 10 stemmer.

– Vi har berre ti til no, og behovet er mykje større. Men når dette ikkje er så synleg så er det vanskeleg å bruke det, seier han skuffa.

Vil ha det trygt

 Minsak.no

LITE KJENNSKAP: Mange veit lite og ingenting om at denne sida finst og kva den kan brukast til.

Nettsida Minsak.no er Kommunaldepartementet si nye storsatsing og vart lansert i slutten av januar. Her blir saker stemt fram av dei som bur i kommunen eller fylket, og på denne måten kan vanlege folk på si sak på politisk dagsorden.

I Solvik i Stryn bur Haldor Hove like ved fylkesveg 60, ein veg berykta for sin dårlege standard. Utanfor husdøra til Hove dundrar tungtrafikken forbi både dag og natt, og i mange år har han kjempa for å få på plass gangveg mellom Rake og Loen.

– Vi treng å ha det trygt, godt og sikker. Det er fantastisk å bu her, men då må vi ha det trygt langs den vegen vi skal ferdast på, seier Hove.

(Artikkelen held fram under biletet)

Haldor Hove

TI STEMMER: På to månader har Haldor Hove berre fått ti stemmer på saka si om gangveg mellom Rake og Loen i Stryn kommune.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Berre 75 saker på to månader

Hove har fått med seg både grunneigarar og Stryn kommune. Men han må også ha med seg fylkespolitikarane.

Då han fekk vete om nettsida Minsak.no var han raskt med å legge inn saka si. Berre dagar etter at ordninga vart lansert hadde han oppretta saka si, og bad om støtte frå folket. Men det har det blitt lite av, og framleis manglar han 490 av 500 stemmer.

Folk NRK spurte på gata hadde ikkje høyrt om nettsida.

Har du høyrt om nettsida Minsak.no, spurte vi og svara vi fekk var for det meste« nei», «nei» og «dessverre, nei».

Og Minsak.no er tydeleg usynleg for dei aller fleste. Frå heile landet ligg det berre inne 75 saker, frå Sogn og Fjordane til dømes er det berre to.

Lovar å skjerpe seg

Senterparti-leder Liv Signe Navarsete

MEIR INFORMASJON: Det skal bli betre, lovar Sp-leiar Liv Signe Navarsete.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Lite er gjort av kommunaldepartementet for å opplyse om nettsida som skal gjere det lettare for vanlege folk å delta i lokaldemokratiet.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete seier dei skal bli betre på å vise fram deira nye tilbod, med hjelp frå kommunane.

– Det er vår jobb å gje betre informasjon om at denne nettsida finst, og eg synst også at kommunane kan hjelpe oss med å få informasjonen ut i den enkelte kommune, seier ho.

Trur folk er godt nøgde som det er

Haldor Hove

490 STEMMER: Mykje manglar for at Haldor Hove skal få saka si opp til politisk handsaming.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Navarsete trur også at det kan vere ein annan grunn til at nettsida blir lite brukt.

– Eit anna svar kan sjølvsagt vere at folk er veldig nøgde med stoda som den er. Vi veit at folk er nøgde med kommunane sine tenester, og kanskje er ikkje behovet så stort.

– Men dette er iallfall ei moglegheit for folk, seier ho til NRK.no.

Gir ikkje opp

Kvar gong Haldor Hove loggar seg på datamaskina si har han håp om at det har kome fleire stemmer til saka hans på Minsak.no. Etter to månader har han altså fått ti stemmer, og no har han litt over ein månad på å skaffe dei siste 490.

Hove synst tilbodet er bra, men skulle ønskje fleire visste om det, og at fleire brukte det.

– Dette er ein veldig godt måte å få ut ein bodskap på tenkjer eg.