Hopp til innhold

Magnar (36) er den ukjende toppkandidaten

Magnar Hellesøy i Fjaler kjempar for staten Israel, mot abort og homofilt samliv, og trur på stortingsplass for De Kristne. Sjekk kven som toppar stortingsvallistene her i fylket.

Magnar Hellesøy

PÅ TOPP: Magnar Hellesøy bur i Flekke i Fjaler, og toppar lista til De Kristne. Her frå tida han budde i Alta.

Foto: Kita Eilertsen / Altaposten

Læraren på Dingemoen skule i Fjaler er kanskje den mest ukjende av listetoppane her i fylket.

Partiet han stiller for, De Kristne, vart stifta så seint som 9. januar i år, og har enda ikkje hatt sitt første landsmøte.

Vart utfordra

– Målet er å sikre seg eit stortingsmandat. Men kva fylke det kan bli frå er framleis usikkert, seier Hellesøy, som er utdanna prest.

Med sterke synspunkt i høve dei kristne grunnverdiane, har han stor tru på at velgjarane vil flokke seg rundt det nye partiet.

– Eg vart utfordra på om eg ville engasjere meg, seier Hellesøy og legg stor vekt på at det nye partiet skal vere eit sentrum/høgre-alternativ.

Pirat-topp frå Sogn

Men Hellesøy er ikkje aleine om å vere listetopp for små og relativt ukjende parti i Sogn og Fjordane.

Den politiske travaren Asbjørn Massnes toppar igjen lista til Kystpartiet, medan Øyvind Nondal frå Sogndal er listetopp for det nyskipa Piratpartiet.

Sistnemnde parti har sitt utspring frå Sverige, der miljøet kring nettstaden Pirate Bay danna grunnlaget for sin politiske aktivitet.

Vibeke Johnsen

TOPPAR: Vibeke Johnsen (SV) og Liv Signe Navarsete (Sp).

Foto: NRK

– Klare mål

I Flekke i Fjaler er i alle fall Magnar Hellesøy klar for å kjempe politisk, sjølv om han innser at sjansane for å få eit av dei fire mandata frå Sogn og Fjordane ikkje er særleg stor.

– Vi har tru på eitt mandat på landsplan og er nøydde til å ha klare mål i arbeidet vårt, seier Hellesøy og nemner mellom anna kampen alternativ til abort og for ei styrking av dei kristne grunnverdiane som grunnsteinar i arbeidet, seier Hellesøy.

Dette er toppkandidatane frå Sogn og Fjordane til Stortingsvalet 9. september:

De Kristne: Magnar Hellesøy, Fjaler

Demokratene i Norge: Svein Otto Nilsen, Trondheim

Framstegspartiet: Frank Willy Djuvik, Florø

Høgre: Bjørn Lødemel, Hornindal

Kristeleg Folkeparti: Trude Brosvik, Gulen

Kystpartiet: Asbjørn Massnes, Høyanger

Miljøpartiet De Grønne: Tor Øyvind Vestby, Førde

Piratpartiet: Øyvind Nondal, Sogndal

Raudt: Ingunn Kandal, Høyanger

Senterpartiet: Liv Signe Navarsete, Lærdal

Arbeidarpartiet: Ingrid Heggø, Høyanger

Venstre: Sveinung Rotevatn, Nordfjordeid

Sosialistisk Venstreparti: Vibeke Johnsen, Sogndal