Hopp til innhold

Kjempa mot flammar under snøen

Ein bråtebrann i Høyanger kom måndag ut av kontroll og truga lenge ei hytte. Utan vegsamband vart brannvernet frakta inn med snøscooter.

Brann unders snøen

BRANN: Her sløkker dei brann under snøen

Foto: Lars Jonas Pedersen

Alarmsentralen fekk melding om brannen ved Bergslettene klokka 1207, og brannmannskap vart frakta kring halvannan kilometer til brannstaden med snøscooterar frå Røde Kors.

Klokka 1318 fekk alarmsentralen melding om at brannen delvis var under kontroll og at hytta var berga.

– Brannen spreidde seg frå eit bål på marka eit stykke unna. I den tørre lyngen spreidde den seg under snøen til kledning frå ei gamal hytte som stod stabla opp etter ei ny hytte, fortel vaktoperatør Jan Gunnar Holvik hos alarmsentralen i Florø.

– Utfordrande

Bergslettene ligg ved Bergsvatnet sørvest for Siplo skisenter. Det går veg ut der på sommartid, men vegen er ikkje brøytt om vinteren.

(Saka held fram under kartet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Utan tilgang til vatn var det eit utfordrande arbeid mannskapet på ti frå brannvernet, og åtte frå Røde Kors Hjelpekorps, stod over. Holrom mellom den tørre lyngen og kring to meter tjukk snø, gjorde arbeidet krevjande.

– Mannskap hakka seg gjennom snøen og nyttar også pulverapparat for å få kontroll, seier korpsleiar Jan Milde i Høyanger Røde Kors Hjelpekorps.