Hopp til innhold

Nytt samband gir ny kvardag

Eit nytt sambandssystem gjer at Røde Kors Hjelpekorps i Førde har fått ein heilt ny kvardag.

Førde Røde Kors Hjelpekorps med aktivitetsdag.

NY KVARDAG: Førde Røde Korps Hjelpekorps får ein heilt ny kvardag når dei no har fått på plass eitt nytt samband. Biletet er teke i samband med ein aktivitetsdag dei tidlegare har arrangert.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Før måtte to mann køyre ut utstyr for å få sambandet opp å gå, men no slepp dei lenger gjere den jobben.

Det nye sambandet dekkjer store delar av Sunnfjord på få sekund, fortel Joakim Hermansen som er sambandsleiar i Førde.

– Dette er ein anna kvardag for oss, seier Hermansen til NRK.no.

Slik det har vore no har Røde Kors Hjelpekorps måtte bruke mannskap som fysisk måtte plassere ut basestasjonar i området der dei hadde behov for å ha kontakt med kvarandre. Situasjonen har no blitt ein heilt anna.

– No har vi fått ein basestasjon plassert på Hafstadfjellet, og med den kan vi bruke VHF-apparata våre til å snakke saman i Førde-området.

– Den er så godt plassert på fjellet at vi også når ut til fleire av nabokommunane våre. Vi når også heilt til operasjonssentralen i Florø, seier Hermansen og seier dei slik lett får kontakt med politi og brannvesen.

Det nye sambandet gjer utan tvil kvardagen til hjelpekorpset lettare, og ikkje minst sparar den dei for verdifull tid.

– Dess mindre tid vi brukar på å ordne sambandet, dess meir kan vi bruke på det vi eigentleg skal, seier Hermansen.

– No treng vi berre ein mann som bruker nokre minutt på å vurdere sambandet, og vi er oppe å går på kort tid.