Hopp til innhold

Brukte t-skjorter i kampen for gul midtstripe på Vestlandet

Sjølv om SV i stor grad vil kjempe for tog i og rundt byane er gul midtstripe også teken med i det nye arbeidsprogrammet. Kanskje takka vere kreative SV-arar med matchande t-skjorter.

Gul midstripe-aksjon
Foto: Hilde Maisey/Scanpix

For SV-politikarane frå vestlandspartia møtte opp på landsmøtet iført svarte t-skjorter med gul stripe nedover midten, akkurat som ein asfaltveg med gul midtstripe.

Bak stuntet stod Sogn og Fjordane sin stortingskandidat for SV, Vibeke Johnsen.

– Eg har trua på å vise kva ein står for ved hjelp av visuelle effektar. Vi er eit lite parti og vi har ikkje eit stort valkampbudsjett og då må vi tenkje kreativt. Vi har fått masse gode tilbakemeldingar frå desse t-skjorta, og fleire frå SV-partia på Vestlandet har vore på talarstolen med den på, fortel ho.

Fekk gjennomslag

Og Johnsen og resten av SV-politikarane fekk gjennomslag for ønsket sitt. I det nye planprogrammet til partiet som vart vedteke på årets landsmøte står dette no nedfelt:

«Sjølv med ei kraftig satsing på kollektivtransport vil bilen vere det viktigaste framkomstmiddelet i mange delar av landet. SV vil prioritere vedlikehald, vegsikkerheit og framkjømd i dei områda som er avhengige av transport på veg, og starte arbeidet får i sikre to køyrefelt i heile riksvegnettet».

Særleg siste setninga får smilet fram hos Johnsen.

– Vestlandsgjengen frå SV er veldig nøgd no med at vi har vedteke ein differensiert samferdslepolitikk der vi seier tog og bane i og rundt dei store byane, og trygge bruksvegar i distrikta og då er gul midtstripe heilt sentralt, seier stortingskandidaten.

– Ikkje nokon Ole Brumm

Ho meiner SV er svært tydelege på kva dei prioriterer i samferdslepolitikken.

– SV har tidlegare vore skulda for å vere eit Ole Brumm-parti som seier ja til alt. Vi er veldig tydelege på kva vi prioriterer i samferdslepolitikken. Klimautsleppa i verda og i Norge må ned. Eit av dei viktigaste bidraga frå Norge si side er å redusere personbiltrafikken, då må vi satse på tog og bane, og må bruke store pengar på det. Men vi må også ha trygge bruksvegar i distrikta. Eit villare og våtare vêr som det blir med klimaendringane gjer Sogn og Fjordane meir utrygg fordi det vil føre til meir ras i vårt område, seier ho.

– Difor er vi avhengige av at klimautsleppet går ned. I vårt område må vi likevel ha gul midstripe, rassikring og hyppige ferjeavgangar. Det er snakk om ei prioritering. Skal vi få på plass dei viktigaste tinga, som er kollektivsatsing i og rundt dei store byane, og trygge bruksvegar i distrikta så er det det vi har råd til.

Dette er det SV står for, medan resten av partia på Vestlandet vil ha ferjefri E39 snarast mogleg. Johnsen ser annleis på det.

– Vi er opptekne av å satse på vegen mellom ferjeleiene og får sikra den først for det er der ulukkene skjer, seier ho.