Hopp til innhold

Stor røykutvikling i bustadhus

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Det er snakk om stor røykutvikling i huset, seier politiet til NRK.no. Eit hus i Jostedalen står i fyr.

Alarmsentralen melder fredag kveld like etter halv seks om røykutvikling i eit bustadhus i Jostedalen, ikkje langt frå Gaupne.

– Det er ikkje folk til stades i huset har vi fått opplyst, seier operasjonsleiar hos politiet, Hans Petter Harlem.

Både brannvesen og politi er på staden.

Brannvesenet held på å avslutte no. Det skal ikkje vere klart kva som skal ha vore årsaka til brannen.

Kl 20.00 fekk operasjonssentralen opplyst at underetasjen i huset har fått brannskadar, medan resten av bygget er røykskada.

Saka vert vidare etterforska av Luster lensmannskontor.