Hopp til innhold

Dømd for bilkøyring i narkorus

Ein mann i 20-åra er dømd til fengsel i 18 dagar for køyring i rusa tilstand og for kjøp og bruk av narkotika.

Sunnfjordingen tilstod alt då han møtte i Sunnfjord tingrett. Det var i desember i fjor at mannen køyrde bil, sjølv om han var rusa.

Ein blodprøve viste at han var påverka av forskjellige narkotiske stoff som tilsvarer ein promille på 1,2.

Retten meiner det er skjerpande at køyringa skjedde med passasjer i bilen og på ein stad der det er ein del trafikk.

Han har også dømd for hasjrøyking og kjøp av fire gram hasj i Bergen. I tillegg til 18 dagar i fengsel, må han betale 8000 kroner i bot. Mannen mister også retten til å køyre bil i to år.