Hopp til innhold

Kristine (88) sin elbil-ladar laga støy på flyplassen sitt naudsamband

Kvar gong Kristine Skarstein (88) ladar den elektriske handikapbilen sin i Florø, blir naudsambandet på Flora lufthamn forstyrra.

Kristine Skarstein og elbilen hennar

RÅKA TRYGGLEIKEN: Kristine Skarstein (88) bur 900 meter nord for flyplassen i Florø. Det er tydelegvis ikkje nok skal tryggleikssystema ved lufthamna fungere.

Foto: David E. Antonsen / Firdaposten

Det er Firdaposten som skriv om den smått utrulege historia i dag.

Skarstein har nett fått ein splitter ny elektrisk handikapbil som står heime på tunet i Kinnvegen i Florø, om lag 900 meter frå tårnet på Florø lufthamn. Men kvar gong ho pluggar i ladaren, høyrer tårnoperatøren på lufthamna støy på naudfrekvensen 121,500 MHz, skriv avisa.

«Kom ein CIA-bil inn på tunet»

Årsaka er nemleg at ladaren til Skarstein har ein konstruksjonsfeil som gjer at den sender ut radiobølgjer som forstyrrar naudfrekvensen.

I slutten av januar bad Avinor Post- og teletilsynet om dei kunne finne ut kva det var som skapte støyen.

Etter mykje leiting, fann dei fram til huset til Skarstein.

– Plutseleg ein dag rulla det ein «CIA-bil» med masse antenner på taket, inn på tunet. Dei kom frå Post- og teletilsynet og meinte at noko i huset vårt forstyrra naudsignalet på flyplassen, seier sonen Oddvar til Firdaposten.

Får ny bil

Etter ein del leiting kom dei fram til at det var elbilladaren som forstyrra signala.

– Eg tør ikkje lade bilen no, seier Kristine til avisa.

Florø lufthamn

FLORØ LUFTHAMN: No skal det vera slutt på forstyrringane på naudnettet på Florø Lufthamn.

Foto: Birger Meland / NRK

Hjelpemiddelsentralen sende i byrjinga av mars ein ny ladar, men det var det same problemet med den. Difor ventar no Kristine på ein ny elektrisk handikapbil.

Post- og teletilsynet ser alvorleg på saka, og seier det ikkje er bra at ein ladar kan forstyrre naudfrekvensen på denne måten.

Senioringeniør Åsgeir Henriksen forklarar at det truleg dreiar seg om ein konstruksjonsfeil hjå produsenten. Ein ladar kan sende ut radiosignal om det er feil i konstruksjonen, dei elektriske delane kan då byrja å svinga av seg sjølv og dermed senda ut radiobølgjer.

– Då vil den fungere litt på same måte som ein gamal radio, seier han til avisa.