Hopp til innhold

Ungdom vil ikkje flytte heim igjen

Faren for å miste den vidaregåande skulen gjer at ungdom i Fjaler seier dei mister lysta til å flytte tilbake til kommunen.

Fjaler vidaregåande skule og Fjalerhallen
Foto: Ottar Starheim / NRK

Det kom fram på eit folkemøtet i går. Planane om å legge ned fleire vidaregåande skular i Sogn og Fjordane fører til auka pessimisme, skriv Bergens Tidende.

300 personar hadde teke turen til folkemøtet i aulaen på Dale vidaregåande skule. Medan det i dag er 13 vidaregåande skular i Sogn og Fjordane, kan det i framtida bli langt færre. Blant skulane som står i faresona er Dale vidaregåande.

– Eg får i alle fall ikkje noko lyst til å vende tilbake til heimfylket når eg høyrer dette, sa elev Gina Garre-Fivelsdal.

I heile fylket rustar folk seg til kamp for dei vidaregåande skulane. Politikarane står framfor ei vanskeleg oppgåve. Dei får mindre pengar til den vidaregåande skulen og må no bestemme seg for korleis skulestrukturen skal vere i framtida.

Over 1000 vidaregåande elevar i Sogn og Fjordane bur i dag på hybel. Dersom det berre blir seks skular att, kan ytterlegare 300–400 unge måtte bu på hybel.