Hopp til innhold

Ho er innstilt som ny leiar i Noregs Mållag

Marit Aakre Tennø (34) er innstilt som ny leiar i Noregs Mållag. Ho er i dag norskfagskonsulent i Noregs Mållag.

Marit Aakre Tennø

INNSTILT: Marit Aakre Tennø er samrøystes innstilt som ny leiar i Noregs Mållag.

Foto: Fotomontasje

34-åringen er sunnmøring, men busett i Jostedalen i Luster, der ho representerer Senterpartiet i både formannskap og kommunestyre.

Marit Aakre Tennø har dei siste åra arbeidd mykje med bygdeutvikling, og seier ho ser fram til å ta fatt på leiarjobben.

– Nynorsk er eit vitalt språk som dominerer i dagleg bruk i mange hundre norske lokalsamfunn. Men nynorsken har dei same problema som andre språk i minoritetsposisjon, seier ho.

Samrøystes innstilling

Aakre Tennø er innstilt som ny leiar når Håvard B. Øvregård har sagt frå seg attval etter fire år som leiar. Innstillinga frå valnemnda er samrøystes. Landsmøtet i Noregs Mållag finn stad 19.–21. april i Ørsta.

34-åringen i Luster meiner mållaget trengst til å gå føre i det daglege arbeidet for å få fleirtalet til å ta eit rimeleg omsyn til mindretalet som brukar nynorsk.

– Dette handlar om å gje det nynorske språksamfunnet rammer for å utvikle seg. Det er særs viktig at det offentlege då går føre og forsvarar og styrkjer to av dei aller viktigaste ordningane som sikrar nynorsksamfunnet: sidemålet og mållova, seier ho.

Ny nestleiar

– Dette er ordningar som er heilt avgjerande for å sikre dei nynorske lokalsamfunna den språkkompetansen dei treng og sikre nynorskbrukarane dei mest grunnleggjande språkrettane. Dette er òg særs viktig for å ta vare på den nynorske skriftkulturen som ein del av den felles norske kulturarven, held Aakre Tennø fram.

Sigbjørn Hjelmbrekke (33) frå Bø i Telemark er innstilt som ny nestleiar i mållaget etter Janne Nygård frå Jølster. Nygård, som no er busett i Oslo, og Terje Kjøde (Ørsta) er innstilt som styremedlem saman med Sveinung Rotevatn (Eid/Oslo) og Helga Hjetland (Høyanger), som ikkje står på val.

Ny fast møtande 1. vara er Ingrid Fiskaa (Oslo), lektor på Hellerud vgs., sentralstyremedlem i SV og tidlegare statssekretær, 2. vara Solgunn Liestøl, attval (Haugesund), 3. vara Randi Lohndal Frestad, attval (Lista) og Magne Heide, ny (Harstad).