Hopp til innhold

Vil bli kvitt skøytebana på tunet

I snart 30 år har eigarane av Villa Visnes i Stryn hatt problem med vatn som renn inn på eigedommen. No har Kristin Visnes fått nok – om ikkje ting ordnar seg vil ho gå til sak mot kommunen.

Vassproblem ved Villa Visnes i Stryn

SKØYTEBANE: Kristin Visnes har fått meir enn nok. No vil ho ha slutt på problema ein gong for alle.

Foto: Byggmester Flemming Dall

– Blir ikkje saka løyst i år, så går eg til sak mot kommunen, seier Visnes til NRK.no.

Har klaga i snart 30 år

Problema strekkjer seg langt tilbake i tid. I tida rundt 1979 fekk kommunen ifølgje Visnes fri grunn for å leggje ein veg over farens eigedom.

Vegen vart laga og overvatnet frå Visnesbakkane blei samla opp og lagt i eit stort røyr under vegen og deretter sendt rett ned på Visneseigedommane.

Vatnet som kjem rennande har ført til store problem både på Visnes Hotel, privathuset og på Villa Visnes, fortel Kristin Visnes.

– Klage på klage frå oss, men ingen reaksjon, sjølv om teknisk sjef den gong var på diverse synfaringar, seier Visnes som er byrja bli svært oppgitt.

– Ei skøytebane på tunet

Problemet med vatnet som kjem inn på eigedommen er spesielt ille om vinteren og våren, og i tillegg når det regnar mykje.

– Om vinteren frys vatnet som renn nedover bergveggen og dannar store isformasjonar. Det er ei skøytebane på tunet, fortel Visnes.

Når all denne isen skal smelte vekk om våren blir det endå verre.

– Det er vått overalt og vatn i kjellaren.

Til alt hell får problema med overvatnet som renn ned på eigedomen ikkje innverknad på drifta av Villa Visnes. I løpet av våren tørkar kjellaren opp og i driftsperioden frå mai til midten av september går det bra.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vassproblem ved Villa Visnes i Stryn

VÅTT OVERALT: Frustrasjonen over vassproblema er stor. No krev eigar Kristin Visnes at saka blir rydda opp i straks – om ikkje går ho til sak mot kommunen.

Foto: Byggmester Flemming Dall

Har prøvd å ordne opp

Men Visnes vil ikkje lenger leve med at vatnet kjem rennande og kvar vinter lagar store isformasjonar utanfor huset.

For nokre år sidan opplevde ho at den tekniske sjefen hos kommunen tok ho på alvor, og ein forsøkte då å leie vatnet i riktig retning. Det stadfestar avdelingsingeniør Anders Maurset i Stryn kommune.

– Ein gjorde tiltak ved at ein reinska opp på oppsida av huset der vatnet kjem frå, seier han.

Det vart også lagt ned nokre røyrsystem lenger oppe, i tillegg til at ein har sett ned ein sandfangkum som skal ta i mot overvatnet som kjem ned på eigedommen. Men dette er tydelegvis ikkje nok.

Tek problemet på alvor

I vinter har det igjen danna store mengder is på tunet utanfor huset.

– Det var litt overraskande for oss, seier Maurset.

Kristin Visnes håpar kommunen vil gjere meir for å rette opp i problema. Ho har nyleg sendt brev til kommunen med bilete av korleis det ser ut utanfor huset.

– Eg ser fram til at saka kjem opp igjen og blir teken på alvor. Eg har vore tolmodig år etter år, men slik det ser ut i år og med dei problema vi har hatt med å kome oss over tunet, så er grensa for tolmod nådd, seier ho.

Avdelingsingeniør Anders Maurset seier dei tok affære då dei fekk brevet frå Visnes. Berre dagar etterpå reiste dei ut til Villa Visnes og gjekk laus på isen med gravemaskin. Skøytebana utanfor huset er dermed vekke no.

Maurset seier til NRK.no at dei tek problemet på alvor og seier dei vil prøve å gjere nye tiltak for å få bukt med problemet.