Hopp til innhold

Tillitsvald nøgd med utfallet i Høgsterett

Tillitsvalt i Westcon i Florø, Audun Grønnevik, meiner avgjerda til Høgsterett i verftssaka er heilt rett.

Westcon

BRA: Tillitsvald ved Westcon i Florø, Audun Grønnevik, er glad for utfallet frå Høgsterett.

Foto: Egil Årdal/Heidi Lise Bakke / NRK

– Eg tykkjer det er heilt rett. Dette har vore ei sak som har vart ei stund, så her har dei gjort heilt rett, seier Audun Grønnevik, tillitsvald i Westcon Yard i Florø. Verftet var tidlegare kjent under namnet STX Norway Florø.

Høgsterett har forkasta anken frå NHO, Norsk Industri og åtte verft i spørsmålet om allmenngjering av tariffavtalar på norske verft.

Dommen frå Høgsterett er samrøystes, og slår fast at utanlandske tilreisande arbeidarar skal ha same arbeids- og lønnsvilkår som norske verftsarbeidarar.

Er avhengige av utanlandsk arbeidskraft

Verftsnæringa ønskte både erstatning for tort og svie, samt at vedtaket skulle omgjerast.

– Kva konsekvensar ville det fått for verftet i Florø?

– Det er vanskeleg å seie, men eg trur det ville vorte veldig dårleg for dei som er innleigde frå utlandet. Vi er jo heilt avhengige av dei, seier Grønnevik.

Dommen i Høgsterett slår fast at NHO, Norsk Industri og åtte verft vert dømde til å betale sakskostnadene som LO, Fellesforbundet og Staten ved tariffnemnda har hatt, med til saman 4.072.866 kroner.

Trur det kjem i orden til slutt

Han trur dette er eit steg på vegen til å få rettferdige forhold til bransjen.

– Det trur eg, men det tek nok litt tid før det går seg til. Men eg trur det kjem i orden på litt sikt, seier Grønnevik.

Han fortel at det ikkje har vore store skilnader for dei tilsette hjå dei. Vi har halde oss innanfor lova, seier Grønnevik.

– I fire-fem år har det pågått ein strid mellom staten og arbeidstakarorganisasjonane på ei side, og næringslivet og verftseigarane på den andre sida. Kva fortel det?

– Dei tolkar det på forskjellige måtar. Dei meiner verftsindustrien går under dersom verfta må betale tariffløn. Men det har ikkje eg tru på, seier Grønnevik.