Hopp til innhold

Idol-komet til countryfestivalen

Steffen Jakobsen (22) har sjarmert mange TV-sjåarar med si djupe bassrøyst i dei innleiande rundane av Idol. I sommar kjem han til Breim

Steffen Jakobsen

TIL BREIM: Steffen Jakobsen er ifølgje TV2 sett over 130.000 gonger på nett etter Idol starta. I sommar står han på scena under Norsk Country Treff i Breim.

Foto: Dannevig A/S

Norsk Country Treff har i dag sleppt nye artistar til årets arrangement på Fjordhestgarden.

Mellom artistane som kjem, er Steffen Jakobsen. Han stod også på scena under countryfestivalen i 2007.

– Han har allereie sjarmert og sunge seg inn i hjarta til mange TV-sjåarar, og vi trur han blir ein publikumsfavoritt under årets festival, seier artistansvarleg for Norsk Country Treff, Nils R. Sandal.

Hellbillies kjem

Med si djupe bassrøyst har Jakobsen allereie etter få rundar av Idol blitt kjend over det ganske land. I løpet av første veka av februar, har over 8.000 likt Facebook-sida til Grimstad-artisten og over 130.000 har sett han på nett.

Hellbillies

TIL BREIM: Hellbillies.

Hellbillies er eit anna norsk band som countryfestivalen har henta inn. Også countryrockgruppa frå Ål i Hallingdal har tidlegare stått på scena på Fjordhestgarden.

– Sjølv om dei har halde på lenge, så kjem dei stadig med nye hitar og fantastiske sceneshow, seier Sandal.

Danseløve kjem

Hanne Sørvaag

TIL BREIM: Hanne Sørvaag.

Foto: Snæland, Alf Vidar / Scanpix

Hanne Sørvåg, som for mange er kjend som ei danseløve og låtskrivar opnar fredag 12. juli det musikalske showet på hovudscena. Ho gav i fjor haust ut første countryplate.

Vidare er det klart at Onkle Tuka og Hege Brynhildsen, Toini & The Tomcats, European Highway Men og Them Lewis kjem til countryfestivalen.

Frå før er det klart at også Bellamy Brothers, Gene Watson, Rita Eriksen og Steff Nevers opptrer under årets festival.

– Årets artistar gjer at festivalen får ei god blanding av sjangrar samt ein fin miks av nye artistar og det vi kan kalle veteranar. Festivalen kan også skilte med countrymusikk på færøysk når Hallur Joensen går på scena, så det manglar ikkje på utradisjonelle og spanande opplevingar for publikum, seier dagleg leiar Eva Hage Solstad.