Hopp til innhold

Kontrollerte farten i 60-sone i Jølster

Bilføraren godtok ikkje førelegget etter å ha blitt målt til 68 km/t i 60-sona ved Vassenden i Jølster. No blir han meld.

Utrykkingspolitiet og Jølster lensmannskontor samarbeidde tysdag ettermiddag om fartskontrollen ved Vassenden.

I alt vart det skrive ut 11 forenkla førelegg, med høgaste fart målt til 77 km/t. Fartsoverskridinga tilsvarar eit førelegg på 4.200 kroner.

I tillegg vart ein bilførar meld då han ikkje godtok førelegget på 1.600 kroner etter å ha blitt målt til 68 km/t.