Hopp til innhold

Pass på sikringane i kulden!

Med streng kulde og høgt straumforbruk bør du passe på at sikringane i huset ikkje blir for varme.

Arild Horsevik

SJEKK SIKRINGANE: Arild Horsevik ber folk passe på når straumforbruket er høgt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

For når du set på alt du har av elektrisk oppvarming så kan det bli så varmt at det kan starte ein brann, seier DLE-ansvarleg Arild Horsevik i Sunnfjord Energi.

– Det er særleg anlegg som har dei gamaldagse skrusikringane som er utsette for denne risikoen. Det er viktig å sjekke at sikringane er skrudde godt til, det gjeld også hovudsikringar og inntakssikringar.

– Blir synda mykje

For når det ikkje er kaldt og straumforbruket er lågt, trekkjer metallet seg saman, for så å utvide seg når forbruket er høgt. Minst ein gong i året bør folk skru til sikringane.

– Dette står skrive i alle sikringsskåp, men det blir synda mykje mot det. For er ikkje sikringane skrudde godt til kan du få ein lysboge som er veldig farleg. Då kan det bli opp mot 100 ampere i ein 10 ampere-sikring.

(Artikkelen held fram under biletet).

Sikringsskap

SÆRLEG UTSETT: Sikringsskåp med skrusikringar må ein passe særleg godt på.

Foto: Karina Jørgensen / NRK

– Kan ikkje skulde på andre

– Kor varmt kan det vere før det er farleg?

– Når det er så varmt at du tek til å få problem med å greie å ta på sikringane, då bør du vere obs. Litt varme kan det vere, du må ikkje bli hysterisk heller.

Og dette er fullt og heilt huseigaren sitt ansvar å passe på.

– Her kan dei ikkje skulde på nokon andre.

Men sjølv om det er dei gamle (men ikkje gode) sikringane som er mest utsette er det ikkje heilt risikofritt for dei som har moderne sikringskåp med vippebrytarar heller.

– Det kan vere ei kopling som ikkje er skikkeleg tilskrudd. Det skal ikkje førekome, men det kan skje. Dersom du høyrer det knitrar er det veldig farleg, då bør du tilkalle elektrikar, det same bør du gjere om du kjenner svilukt.

Arild Horsevik

VER OBS PÅ KNITRING: Knitrar det i skåpet er det fare på ferde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Oljefylte omnar og skøyreleidningar

DLE-ansvarleg (DLE står for Det Lokale Eltilsynet) Arild Horsevik ber og folk som har oljefylte omnar om å passe på.

– Det er tilrådd levetid på desse omnane på fem år, det syner seg at det er mange uhell med dei.

Også skøyteleidningar må folk vere varsame med.

– Det er bønder som har skøyteleidningar liggande inne på låven. Hadde dei visst kor farleg det er så hadde dei aldri gjort noko slikt. Også leidningar til mobilladarar kan vere ein brannfare om du ikkje nappar dei ut av kontakten når mobilen er ferdig lada.