Hopp til innhold

Promilledømd for fjerde gong

Fjordane tingrett har dømt ein mann i 40-åra til fengsel på vilkår i 45 dagar for å ha køyrt bil i alkoholpåverka tilstand.

I juni i fjor køyrde han frå heimen sin til butikken og tilbake, ein strekning på til saman to kilometer. Blodprøven som vart teken viste 1,45 promille.

Det oppstod ikkje nokon farlege situasjonar under køyringa utover den risikoen køyring med høg promille utgjer i seg sjølv.

Dømd tre gonger før

Tingretten seier det er straffeskjerpande at mannen har vore dømd tre gonger tidlegare for promillekøyring, men straffa vart likevel ikkje så streng som aktor hadde lagt ned påstand om.

Det enda med fengsel på vilkår i 45 dagar. Eitt av vilkåra for at han skal sleppe å sone i fengsel er at han går gjennom eit program mot ruspåverka køyring.

Han må og betale ei bot på 15.000 kroner.