Hopp til innhold

Medaljen glapp truleg då Flatland falt på jaktstarten

Skiskyttaren Ann Kristin Aafedt Flatland (30) frå Vik var uheldig og falt under jaktstarten i Nove Mesto søndag ettermiddag.

Ann Kristin Flatland skjøt fullt hus på siste skyting og hadde meldt seg på i kampen om en pallplassering, men så fallt hun og brakk den ene skien. Kommentator: Andreas Stabrun Smith. Redigering: Hilda Klaveness

SJÅ VIDEO: Her ryk medaljesjansane for Flatland.

– Dette var skikkeleg dritt, no er eg sint, seier Flatland rett etter løpet.

Ho er svært skuffa og klarer ikkje halde tårene unna då ho blir intevju rett etter løpet.

Etter gårsdagens 8. plass, hadde ho eit godt utgangspunkt føre jaktstarten. Etter fire skytingar hadde ho gått seg opp til ein fjerdeplass.

Det såg lenge ut til at ho kunne kjempe om medaljeplass, men så falt ho då ho prøvde å gå forbi Olga Zaitseva.

– Eg hadde betre gli enn Olga, så vi gjekk i kvarandre. Begge to ramla. Bindingen min blei øydelagd og eg hadde problem med å komme meg opp igjen, seier ho.

Dermed enda ho på ein sjuandeplass i verdsmeisterskapen. Ho skaut ein bom og blei nest beste nordmann. Tora Berger vann dagens renn og blei verdsmeister trass i tre bom.

Flatland seier at dagens løype passar ho bra og at ho følte seg kjempesterk på siste runden.

– Men slik går det når eg ikkje klarer å halde med på beina, seier ho rett etter løpet.

Ann Kristin Flatland fallt og ødela sjansene for medalje under søndagens jaktstart i VM. Her slipper hun følelsene løs. Foto: Anders Rove Bentsen

SJÅ VIDEO: Ei skuffa Ann Kristin Flatland klarte ikkje å stanse tårene etter at ho gjekk i mål.