Hopp til innhold

Refleksvesten syner ikkje godt nok

Den vanlege refleksvesten syner ikkje godt nok på personar som går på rulleski eller syklar langs veg. Det viser undersøkingar som Statens vegvesen har gjort.

Helge Eidsnes

IKKJE GODT NOK: Helge Eidnes seier undersøkingar viser at refleksvesten ikkje er godt nok synleg når til dømes ein person som går på rulleski lener seg framover.

Foto: NRK

Etter to dødsulukker på rulleski i vinter har Vegvesenet undersøkt kor effektiv refleksvesten er ved denne typen aktivitet.

Regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen region Vest seier funna klart viser at folk bør bruke meir enn refleksvest.

– Vår anbefaling er at ein tenkjer over dette, og har ekstra refleksmerking. Det kan vere refleksar på skistavar eller på buksene, seier Eidsnes til NRK.no.

Påkøyrde på treningstur

To personar har mista livet i vinter etter at dei har blitt påkøyrde medan dei gjekk på rulleski. Felles for begge hendingane var at dei var ute på treningstur.

Eidsnes seier det er vanleg praksis at Vegvesenet ser nærare på ulukker som skjer langs vegane, noko dei også har gjort no.

– Vi har sett på kva som førte til ulukkene og korleis tryggleiksutstyret verkar. Vi ser at vi vil styrke fokuset på meir refleksmerking ved denne typen aktivitet, seier han.

Syner ikkje når personane er lent framover

Av undersøkingane som er gjort kjem det fram at refleksvest åleine ikkje er godt nok for dei som trenar med rulleski, eller sykkel, langs bilvegar.

– Det er stadig fleire som går på rulleski og fleire som syklar, og mange gjer dette i treningssamanheng.

– Då ser vi at dei er lent framover, og den vanlege refleksvesten er ikkje så lett å oppdage og reflekterer ikkje billys, seier han til NRK.no.

Vil ha reflekspakke

Leiar i langrennskomiteen i skikrinsen i Sogn og Fjordane, Arthur Hegrenes, seier at dei jobbar med å betre bekledninga til dei som går på rulleski.

– Per i dag har vi ikkje noko konkret tiltak anna enn å oppmode til bruk av refleksvest, hjelp og anna tryggleiksutstyr. Men vi jobbar med det å få må prøve å få til noko slik at ein har eit opplegg som vi kan tilby, seier han.

Hegrenes etterlyser no ei reflekspakke frå Skiforbundet.

– Eg kunne sjølv godt tenkt meg at det var ei eller anna slags pakke som var anbefalt av skikrinsen eller Skiforbundet, seier han og trur dette kan bli noko av etter kvart.

Han legg til at det til sjuande og sist er det opp til den enkelte å passe på kva ein har på seg av tryggleiksutstyr når ein er ute å trenar.

– Det blir den enkelte som må passe på at ein har det ein treng.