Hopp til innhold

Køyrde på kvinne med rullator

Ei kvinne i 80-åra er innlagt på sjukehus i Førde etter ei påkøyrsle i Florø fredag ettermiddag.

Politiet fekk meldinga om påkøyrsla ved 12.30-tida fredag. Kvinna gjekk med ein rullator og var på veg over eit fotgjengarfelt i Florø sentrum då ho vart treft av ein bil.

Kvinna skal først ha blitt sendt til lege i Florø, før ho seinare vart frakta til sentralsjukehuset i Førde der ho får behandling.

Politiet har teke beslag i førarkortet til bilføraren.