Hopp til innhold

- Her er det berre å halde seg fast

Då gravemaskina byrja tippe bakover gjorde sjåføren det einaste fornuftige han kunne kome på. Han heldt seg godt fast.

Gravemaskin gjekk baklengs ned i grøfta

OPP NED: Både føraren og maskina kom til alt hell frå det utan skader etter rundvelten.

Foto: Hallgeir Dvergsdal

– Då eg skjønte at dette kom til å gå gale, tenkte eg at her er det berre å halde seg fast, seier den 25 år gamle sjåføren til Firda Tidend.

Uhellet skjedde i samband med arbeid på Jølster Skyttarstadion tidlegare i veka. To gravemaskiner var i ferd med å grave grøfter til kablar og fjerna myr i ein vegtrase. Men så gjekk det altså gale.

Is og tele, saman med litt stigning, gjorde til at maskina brått mista festet. Deretter gjekk den baklengs ned i den tre meter djupe grøfta og vart liggande på taket, skriv avisa.

Til alt hell gjekk det bra både med føraren og maskina. Nils Arne Dvergsdal i Ottar Dvergsdal AS seier tilFirda.no at episoden var heilt unødvendig og seier dette var eit uhell på lik linje med at folk køyrer i grøfta.

– Det var absolutt ikkje noko dramatikk inne i bildet, seier han til Firda.no, men vedgår at sjåføren som måtte klatre ut ruta fekk seg ein støkk.