Hopp til innhold

Kollisjon på fylkesveg 55

To kjøretøy har kollidert på fylkesveg 55 mellom Sogndal og Leikanger.

Kollisjon på fylkesveg 55 mellom Sogndal og Leikanger
Foto: Christian Blom

Politiet fekk melding om kollisjonen klokka 13.39.

Det er to kjøretøy som har kollidert og brann, politi og ambulanse reiste til ulukkesstaden. Det var mogleg å passere på staden.

Ein person skal vere skadd i hendinga.

Politiet opplyser ved 15.10-tida at vedkommande som vart skadd var innom legevakta, og fekk behandling der. Det var rydda opp på ulukkesstaden like før klokka 15.

Årsaka til ulukka er ikkje kjent. Det er ikkje mistanke om rus, og politiet i Sogndal vil etterforska saka vidare.

Kollisjon på fylkesveg 55 mellom Sogndal og Leikanger

DIRIGERING: Politiet dirigerte ein periode trafikken på staden.

Foto: Christian Blom