Hopp til innhold

Skei godkjend som turiststad

Skei i Jølster er godkjend som typisk turiststad. Dermed kan kommunesenteret ha søndagsopne butikkar.

Alf Helgheim-forretning på Skei i Jølster

Butikkane på Skei i Jølster får halde søndagsope i sommar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det er fylkesmannen i Sogn og Fjordane som har godkjend Skei som typisk turiststad. Dette betyr at butikkane kan ha ope på søndagar frå 10. juni til 20. august.

Har tidlegare fått avslag

Jølster kommune har tidlegare fått avslag på søknad om godkjenning av Skei som typisk turiststad.

–Vi er no komne til at kommunen har lagt fram dokumentasjon som er tilstrekkeleg til at vi kan godkjenne Skei i Jølster som typisk turiststad deler av året, seier Gunvor Hamre, seniorkonsulent hos fylkesmannen.

Liberalisering

I vurderinga har fylkesmannen mellom anna lagt til grunn at det verkar å ha vore ei liberalisering i praktiseringa av regelverket dei siste åra.

–Vi tolkar eit brev frå Fornyingsdepartementet frå september i fjor som at det ikkje er grunnlag for å stramme inn praktiseringa, seier Hamre.

Auka omsetning

Fylkesmannen har elles lagt avgjerande vekt på at omsetnadstala viser ein vesentleg auke om sommaren for Audhild Vikens Vevstove AS, daglegvarebutikkane og Skei hotell.

Glad

Leiar i Skei Aktivitetsforum, Kjell Nedrebø, ønskjer søndagsopne butikkar velkomen.

–Det har vore ein lang prosess å få dette til, og no har vi endeleg fått det svaret vi har ønska oss.

– Kva vil dette ha å seie for Skei?

– Vi trur at turistar og andre vegfarande vil få ei betre oppleving når vi får meir aktivitet og får halde ope på søndagane, seier han.