Hopp til innhold

Får hjelp av forsvaret i søket

Politiet har bede om hjelp frå forsvaret i søket etter den sakna dumparføraren ved Eikenes i Askvoll.

KNM Tyr

SKAL HJELPE TIL: Forsvaret sitt spesialfarty KNM 'Tyr' er venta til søkeområdet ved midnatt, og skal hjelpe til i det vidare leitearbeidet etter dumparføraren.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Dumparen hamna i fjorden måndag kveld, og det har sidan blitt leita i fjorden etter føraren og køyretyet.

Tysdag ettermiddag vart køyretyet funne på 230 meters djupne. Ved 22.30-tida tysdag kveld er det framleis ikkje gjort funn av den 25 år gamle føraren.

Forsvaret sitt spesialfarty KNM "Tyr" er venta til området ved midnatt natt til onsdag og vil då hjelpe politiet i det vidare leitearbeidet, får NRK opplyst ved politiet sin operasjonssentral.

KNM "Tyr" er eit spesialfarty for djupe undervassoperasjonar og er mellom utrusta med ein sonar som vil gi større søkemoglegheiter.

Heile tysdag har det blitt søkt med ein såkalla ROV, ein fjernstyrt miniubåt, i fjorden. Det var ved hjelp av denne ein lokaliserte køyretyet ved 14.15-tida. Det var ingen spor av føraren inne i køyretyet.

Ifølgje politiet vil ein halde fram søket med miniubåten utover kvelden tysdag, før det blir mellombels stogga og startar opp att onsdag. Klokka 22.30 opplyser politiet at ein har avslutta søket med miniubåten for kvelden.