Hopp til innhold

Miniubåt kjem til Dalsfjorden i 11-tida

Fjorden kan vere opp mot 300 meter djup der ein dumper køyrde utfor ved Eikenes i Askvoll. I føremiddag starta søket etter den sakna føraren (25) starta opp att.

Dumper brasa utfor ved Eikenes

SAKNA: Ein 25-åring frå Sunnmøre er sakna etter at ein dumper gjekk kast i kast ned i den brådjupe fjorden ved Eikenes. Ulukkesstaden til høgre i biletet, med tunnelinnslaget til venstre.

Foto: Silje Guddal / NRK

Det var måndag ettermiddag at dumperen raste ned ei skråning og i Dalsfjorden. Det er gjort fleire funn av vrakrestar frå køyretyet. Men den sakna Christian Melle (25) frå Ørsta er førebels ikkje funnen.

Ulukka skjedde på ein del av nyanlegget Dalsfjordsambandet.

– I dag vil ein starte opp att søket etter den antatt omkomne når ein har fått på plass utstyr som kan gå ned til 300 meter djupne, opplyser operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Dalsfjordsambandet

NY BRU: Dalsfjordsambandet knyter saman kommunane Askvoll og Fjaler.

Foto: Silje Guddal / NRK

Startar opp i føremiddag

Søk etter førar i fjorden ved Eikenes

DELTOK: Ferjemannskap deltok i søket måndag.

Det var ingen vitne til ulukka som vart meld klokka 1840 måndag kveld, men politiet meiner å ha fått avklara kvar dumparen køyrde utfor. Søket vart avslutta i 01-tida natt til tysdag.

I føremiddag kjem ein ubåt som kan gå ned til 600 meter djupne til ulukkesstaden. I tillegg har ein ambulansebåt starta opp strandsøk i området.

– Like over klokka 11 kjem ein miniubåt til Dalsfjorden og vi vil då kunne gå raskt i gang med søket, opplyser operasjonsleiar Inge Væry i 11-tida tysdag.

Brådjup fjord

Området der dumperen gjekk utfor har ei kring 45 grader helling rett i den brådjupe fjorden. Fjorden kan vere opp mot 300 meter djup der dumparen køyrde utfor.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ein mann i 20-åra er sakna etter at dumparen han køyrde skal ha hamna i fjorden ved Eikenes i Askvoll. Det er gjort søk med miniubåt ned til rundt 100 meter, og det er gjort funn av vrakrestar.

Dumper hamna i fjorden ved Eikenes i Askvoll

– I går vart det søkt med ambulansebåt, luftambulanse, ferje og ein fjernstyrt miniubåt som søkte ned til 120 meter djupne utan å finne den sakna eller dumparen. Det vart funne vrakdelar av dumparen slik at det er avklara kvar den køyrde utfor, seier Hope.

Gjekk kast i kast

Redningsmannskap på ferjekaien ved Eikenes

DYKKARAR: Det vart søkt med dykkarar i fjorden.

Mellom anna fann mannskapet om bord ferja på sambandet Dale–Eikenes ei hovudlykt som lyste og eit oljeflak. Dumparen har køyrt utfor på ein snuplass som har vore nytta i samband med massekøyring ved tunnelen på Eikenes.

Den sakna er ein 25 år gamal mann frå Ørsta.

– Det er vanskeleg å seie om ein finn førar og køyrety på same stad, seier Hope.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.